Kjøp billett her!
Den 10. oktober har SUKKER av Linda Gathu premiere på Det Norske Teatret!
SUKKER er Linda Gathus første heilaftans teatertekst, og er del av ein trilogi av frittståande historier, forankra i ulike tider og med dansk-norsk kolonihistorie som bakteppe.
Ein kunstnar blir henta inn for å redde eit museum i krise. Sukker er ei forteljing om skjult norsk historie og om å vere mangfaldsalibi for ein kulturelite med berøringsangst.
Ein ung kunstnar prøver å navigere utfordringane ho møter i notidas kunstverd etter at ho blir henta inn til eit museum som treng fornying. Museet ønskjer at ho skal hjelpe med å endre museets andlet mot utsida sidan ho er så "tidsriktig".
Men inne på museet oppdagar kunstnaren ei opning inn til ei anna tid, og fell plutseleg bakover og inn i (for)tida. Personar og lokasjonar endrar seg, tider krasjar inn i kvarandre og blandar seg i høgt tempo. Kunstnaren sjølv blir transformert til ulike karakterar på tvers av tid, rom og kjønn.
Norsk afro-diaspora
I Sukker blir kunstnaren mediet for å undersøke tema som “tokenism” (mangfaldsalibi) og skjult historie (hidden history) i ei sjangerblandande form som beveger seg mellom satire, afro-futurisme og magisk realisme. Med parallelle tidsliner, humor, og overlappande tidssoner blir vi tatt med på ei reise gjennom historia om norsk afro-diaspora gjennom 400 år. Frå 2025 til 1681, til 1880 til 1944, til 1990, til ute av tida. Frå Kristiania til Sunnfjord til Kragerø til Nordsjøen, til ein eller annan plass langt der ute i verdsrommet. Sukker er eit fiksjonsverk inspirert av livet til faktiske personar frå den norske afro-diasporaen, m.a. Ruth Reese, Anne Brown, Kola Mangoli og Christian Hansen Ernst. — Det Norske Teatret
Linda Gathu er skodespelar, regissør, dramatikar og filmskapar, med bachelor frå Royal Central School of Speech and Drama innan skodespel og ein master i teater frå Kunsthøgskolen i Oslo. Ho har også vore husdramarikar ved Dramatikkens hus i 2022 og 2023. Gathu har brei erfaring som skodespelar, i hovudsak frå Storbritannia men også frå Den Nationale Scene, Hålogaland Teater og Brageteateret. Les mer.
Kjøp billett her!